Dei finaste timane på dagen

Oddvar Gjerde er ein av dei som sørgar for at du får avisa kvar morgon. Han gjer det med presisjon, ære og innsats.

Oddvar Gjerde er ein av dei som sørgar for at du får avisa kvar morgon. Han gjer det med presisjon, ære og innsats.

Då er det berre hjorten, fuglane og Oddvar med avisa som er ute.

FJORTANDE BRYTNING

– Eg har ei god kone. Ho har stilt opp for meg og gått ruta når eg ikkje kan. Og ho har lært meg litt om innstilling til arbeid. Ho er frå Kina, eg trur det er litt annleis der. Sjølv står ho opp klokka fem og mediterer og gjer seg klar for arbeid. Eg må nok takke ho litt for at eg har fått til dette, seier Oddvar Gjerde.

Det har ikkje alltid vore slik. Men no, kvar morgon klokka 03.30, kimar alarmen heime hos Oddvar Gjerde på Haddal. Oftast er han allereie vaken. Kroppen er slik forma etter seks år med avisleveranser at han veit han skal opp, veit han skal i arbeid. I går vart 58-åringen frå Haddal kåra til årets avisbod i Sunnmørsposten. Få klager, høg leveringsevne, ferdig i tide og orden i bodboka er krava til den årlege utmerkinga. Oddvar trudde mest ikkje det var sant.

– Men det var fint, seier han.

– Er det ikkje dagar du tenkjer «å nei»?

– Jo, dei finst vel. Men det er berre noko ein lærer seg til. Eg tenkjer ikkje så ofte på det lenger. Så lenge ein legg seg i tide er det ikkje vanskeleg å stå opp.

– Kva er i tide?

– Vi legg oss vel i ni, halv ti-tida.

– Og så legg du deg nedpå litt når du kjem heim frå ruta, da?

– Nei. Eg kjem heim rundt sju, halv åtte. Ruta går heilt til Eiksund, det blir vel rundt 150 sunnmørspostar. Og så går eg på jobb.

– Det er imponerande. Og det er jo noko spesielt med desse timane på morgonen når mest ingen andre er oppe.

– Ja. Det er litt forskjellig som skjer. Fuglar. Vêret. Landskapet.

– Det er bra ting.

– Ja. Og så får ein oppdatert seg på nyheitene i bilen. Eg har ein kar eg køyrer attmed nokre gonger. Då har vi oss ein prat. Eg er oppteken av politikk. Først pratar vi om laust og fast, og så diskuterer vi politikk.

– Korleis fann du ut at du ville bli avisbod?

– I førstninga var det fordi eg sårt trengde å spe på inntekta. Og så haldt eg berre fram. Ein må berre vere villig til å legge litt innsats og ære i det.

– Ja, for du likar ikkje at folk ikkje får avisa?

– Nei, det er klart eg ikkje gjer det. Nokre gonger har eg jo gjort feil. Andre gonger er det andre årsaker. Eg prøver alltid å kome til bunns i det.

– Kva slags eigenskapar treng eit godt avisbod?

– Ein må klare å stå opp. Vere nøyaktig. Og kunne å kle seg. I år har det jo vore fint vêr, men eit av dei første åra var det slik at eg mest ikkje såg stativa under snøen. Trafikken er heller ikkje som før.

– Kva meiner du?

– Han er meir aggressiv, går det an å seie det?

– Absolutt. Mykje lastebilar, då?

– Ja, etterkvart kjem ein del tungtrafikk. Men eg veit omtrent kva tid han kjem over frå Sulesund, så eg tilpassar meg.

– Ein må vel det.

– Ja. Og så er det viktig å ha ein god bil. Det er ein jobb som slit mykje på bilane.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s