Kreativ husøkonom for snarleg tilsetjing

Komponisten Magnar Åm i Volda meiner at det ikkje er nok å lytte til kva andre har lært, men at alle må gjennom den skapande prosessen. Slik opnar ein for større forståing, meiner han. Foto: Knut Arne Aarset

Komponisten Magnar Åm i Volda meiner at det ikkje er nok å lytte til kva andre har lært, men at alle må gjennom den skapande prosessen. Slik opnar ein for større forståing, meiner han. Foto: Knut Arne Aarset

 

Vi elskar dei kreative. På papiret, i alle fall.

ATTANDE BRYTNING

Vis meg ein CV utan ordet «kreativ». Stillingsannonsane skrik etter dei. I NAV sin stillingsdatabase finst i skrivande stund 752 ledige stillingar for dei kreative. Kreative politi, sjåførar, sakshandsamarar, massørar. For ikkje lenge sidan var det eit hotell som søkte husøkonom. Kreativitet var ein av dei ønska eigenskapane.

670 vil ha ein medarbeidar som er «effektiv». 422 vil ha ein «resultatorientert». Heile 1873 vil ha ein som er «fleksibel», altså kan jobbe mykje overtid utan løn.

Berre ein vil ha ein som er «snill».

På papiret elskar vi dei kreative. Men er det verkeleg dei vi vil ha? Dei som går heilt eigne vegar? Det finst forsking som syner noko anna. Den syner at kreativitet, altså å gjere noko på hittil utenkte måtar, ikkje løner seg. Korkje i skulen eller i arbeidslivet er vi særleg glad i dei kreative. Dei kan vere brysame. Vi er redd dei.

Knyttast til risiko og nederlag

– Vi tenkjer heroisk om kreative menneske, og vi feirar dei, men det vi eigentleg feirar er effekten etter dei, seier forskaren Barry Staw ved California–Berkeley business school til magasinet Slate.

Forskarar ved Cornell University fann at nye idear ofte er utsett for fordommar, fordi dei blir oppfatta som risikable, knytt til nederlag og fare for å bli utstøytt sosialt. Det er heller ikkje sikkert at vi kjenner igjen ein kreativ idé om han ligg rett framfor oss, men har så mange fordommar at vi avslår han tvert. Så kva skal vi eigentleg med all denne kreativiteten? Har han noko for seg, anna enn som symbolverdi for oss sjølve eller selskapet vårt, eit prov på at vi er framtidsretta, at vi trur på framskrittet?

Å leike seg til sanning

Frå hausten av skal den eksperimenterande komponisten og professoren Magnar Åm leie eit nytt studium ved Høgskulen i Volda som heiter «Playful truth approach». Han veit litt om kreativitet. Eller, han har i alle fall erfart kva han kan føre med seg.

– Forskinga sår tvil om vi faktisk likar dei kreative. Kvifor snakkar vi då om kreativiteten som noko positivt, ein verdi alle vil knytte til seg?

– Kreativiteten kan vere noko positivt eller negativt. Skaparevna, trongen til å bryte ut og finne noko nytt, den går alle med. Men om du stoggar den naturlege fascinasjonen over å oppdage, sjå etter det ukjende – då vil det kunne vri seg til noko negativt, og kreativiteten kan bli destruktiv.

– Men er det verkeleg slik at vi ønskjer dei heilt nye svara, det uhøyrde, som jo må vere det kreativiteten eigentleg betyr?

– Vi opplever vel alle, meg sjølv inkludert, eit sterkt press etter å følgje norma. Norma er den store autoriteten. Fleirtalet av menneska finn tryggleik der, i tradisjonen. Det som er kjend, er det nærmaste og tryggaste. Vi har opplevd det før, og det kjendest positivt. Difor søkjer vi det igjen. Det er grunnen til at dei fleste som går på ein konsert, gjerne vil høyre noko dei kjenner frå før. Eller i det minste noko som ein eller annan i media kan garantere for. Mindretalet vil leite etter noko dei ikkje har hørt før, ei form for risikosøking. Men det trur eg også heng saman med tidlegare erfaringar av det ukjende som noko positivt.

Kreativitetsknusande pubertet

– Du seier at fascinasjonen for det ukjende er medfødt. Trur du også at han stryk med på eit tidspunkt?

– Han får i alle fall røff behandling. Og særleg, trur eg, i pubertetstida. Midt i alle endringane i kroppen kjennest det naturleg å søke tryggleik i fellesskapen, og der herskar det ein hard mote-, tanke- og meiningsjustis som ein underkastar seg. Det som kjennest som eit opprør, blir leda inn i ein ny norm.

– Men om alle skulle løyst oppgåvene på ein ny måte, måtte vi kanskje ha strukturert samfunnet annleis? Vi har ein økonomi, eit system som krev at ein innordnar seg og tek del i fellesskapen?

– Det ligg kanskje i definisjonen av «kreativ» at ein bryt norma, og det fleirtalet gjer. Ifølgje logikken må det altså alltid vere eit mindretal som er kreative. Men verdien i kreativiteten kan vi ikkje måle opp mot norma. Eg trur kjernen i det kreative er å ta det materialet ein har framfor seg, anten det er eit kor, ein stein, eit forhold mellom menneske – og bruke dei evnene ein finn i seg sjøl til å forme det til noko enda meir positivt. Eg trur den kreative driven er grunnleggjande positiv. Eit barn som finn ein stein vil ikkje først tenkjer «kven kan eg kaste han på», men «kva kan eg byggje av denne».

– Og dette positive blir belønna?

– Grunnen til at eg framleis lagar musikk er ikkje at så mange likar han. Tvert imot. Men mange nok. Det har eg eit heilt avslappa forhold til. Belønninga er ein fridom til å uttrykke seg, å ikkje bli stogga, slik eg treng å gjere det. Den kreative drifta er så stor, og belønninga er å greie å uttrykke seg, tenkje: «Dette var godt å få sagt».

– I studieplanen står det om det kreative som ei jakt på sanning. Er det dette du snakkar om no?

– Alt eg skapar er eit forsøk på å forstå noko. Det er anerkjend psykologi at barnet leikar for å forstå. Og i omgrepet forståing legg eg at ein kjem nærmare det som er sant i eksistensen. Kva er det å leve, kva er det å vere menneske? Ved å prøve å uttrykke det, greier ein å forstå det betre. Når vi no snakkar saman og eg får eit spørsmål eg ikkje ventar, blir eg tvungen til å setje ord på det, formulere meg. Og då merkar eg at forståinga blir djupare. Det er den kreative prosessen. Ved å setje musikk på ei uro, på noko som ligg som ein mørk klump i bringa, gir eg det eit språk, eg tar det ut i tonar, og det blir noko ein kan betrakte.

Kreativitet = innovasjon = pengar

– Ein kan også forstå ved å betrakte andre sitt skapande arbeid, om det er tekst eller musikk. Men det du seier er at ein kjem lenger i forståinga ved å skape sjølve?

– Ja. Difor trur eg det er så viktig å hjelpe fram skapande aktivitet.

– Det finst ei stortingsmelding om «Et nyskapande og berekraftig Norge» som nemner det kreative mennesket, og at vi må stimulere til nyskaping. Men det snur fort til å handle om innovasjon og noko vi kan tene pengar på. Det er innovasjon vi skal leve av i framtida. Kan vi leve av musikken din, Magnar Åm?

– Å leve av og leve for er to forskjellige ting. Spørsmålet blir kor vi skal hente energien til all denne innovasjonen frå. Og om han gir oss noko større kjensle av forståing.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s